Ingrid, rektor på Lesja skule
På
Etter å ha starta opp med Kontekst for andre gong i 8.klasse, må eg si at eg er glad vi valde dette læreverket. Visst er det stort og tungt (masse), men det er eit utruleg enkelt læreverk å nytte når ein er vorte kjend med oppbygginga av det.
Eg liker spesielt godt kursinndelinga i læreverket; når ein fyrst har laga seg ein treårsplan kor ein vektar stoffet og kursa, er det enkelt både for elevar og lærarar å gå attende og repetere tidlegare kurs, og å byggje vidare på kurs som er gjennomførte tidlegare. Altså eit godt verkty for å sikre progresjon og synleggjering av samanhengar.
No er det ikkje slik at læreboka skal styre undervisninga i skulen, men dersom ein ser på kompetansemåla i Læreplanverket opp mot dei ulike kursmåla i dette læreverket, finn ein at det aller meste er godt ivaretatt i Kontekst. Eg meiner derfor at ein godt kan legge ein del vekt på læreboka i norskfaget, dersom ein vel Kontekst.
Eit anna moment eg vil trekkje fram som positivt, er ressurspermen som høyrer til læreverket. Forfattarane sitt fokus på mål, kjenneteikn på måloppnåing, vurderingskriterium og eigenvurdering for elevane er svært aktuelt i desse dagar, med ny vurderingsforskrift og fokus på vurdering for læring. Det er sjølvsagt ikkje alt ein som lærar vel å bruke i ein slik ressursperm – men som namnet seier – det kan vere ein ressurs, blant mange andre.
Det er eigentleg ikkje noko spesielt eg saknar med Kontekst. Sjølvsagt var det ein overgang å bruke eit læreverk som har så vidt lite fokus på litteraturhistorie og tekstar av ”dei gode, gamle”, når ein tidlegare har brukt Frå saga til CD. MEN: No er det nå eingong slik at det er kompetansemåla i LK06 elevane skal arbeide for å nå, og dei har jo som kjend ikkje mykje fokus på litteraturhistorie spesielt. Så får heller dei som saknar fokus på litteraturhistoria i læreverket supplere frå tidlegare læreverk, dersom nokon ynskjer det.
Eg vil rå alle norsklærarar til å ta ein titt på Kontekst – det er etter mitt syn eit godt læreverk, men det tek tid å bli kjend, og fortruleg med det!
Ingrid