Anne Karin, Dombås skule
Posted by Bente Hareland on Tuesday, September 22, 2009
Litt om norskverket
vi brukar, pluss og minus.
Pluss:
Ryddige bøker, greit
inndelt i kapittel og kurs.
Kursa har lite
lesestoff, greit å få med seg for alle, sjølv dei svakare elevane. Det er i
tillegg til teksta ein heil del oppgaver å jobbe med, både i basisbokaog i
oppgaveboka. Dette gjer det lett å differensiere.
Mykje litteratur til
dei ulike kursa, desse fins i Tekstar 1 og 2. Dette er artiklar, noveller og
dikt mm som ein kan bruka i samband med teorien i basisboka. Forlaget har laga
ein plan til kva som kan brukast. Dei har og forslag til kva emne som kjem på
dei ulike årstrinna ut i frå mål i læreplanen. Eg synes denne er grei å
bruke.
Minus:
Litteraturhistoria
er ikkje så godt ivareteke som i t.d Frå saga til cd. Her syns vi at ein må
bruke tilleggsstoff for at det skal bli tilstrekkjeleg.
Det er mange tjukke,
tunge bøker i dette verket, så det må planleggast godt kva eleven skal ha med
heim, ellers kan sekken bli tung!
I det heile synes eg
dette er eit bra norskverk som eg likar å bruke. Det er og fine nettsider til
verket.